Brunvoll-gruppa kom med to kontraktsnyheiter fredag.

Den eine kontrakten gjeld eit plug-in hybrid system til «Brim Explorer», som er ein sightseeingbåt. Båten er ifølgje Teknisk Ukeblad under bygging hos Maritime Partner i Ålesund.

Stille og miljøvennleg

Ifølgje pressemeldinga frå Brunvoll er det ein komplett elektro- og batteripakke med styresystem for framdrift og manøvrering som skal leverast frå Brunvoll Mar-El AS.

Båten vil under sightseeing køyre i fullt batteri/elektromode som gjev stillegåande og miljøvennleg drift, heiter det i pressemeldinga.

– Med dette konseptet bidreg Brunvoll til å muliggjere den reine naturopplevinga sightseeingbåten skal gje til passasjerane, og heilt i tråd med satsinga på miljøvennleg og berekraftig turisme langs kysten av Norge, skriv selskapet.

Satsar på hybrid framdrift

Bjønn Tveito, dagleg leiar i Brunvoll Mar-El AS, seier at det er selskapet sin høge kompetanse innan hybrid elektrodrift som no gjer det mogeleg å ta på seg større leveranseomfang og stå som systemintegrator for prosjekt som «Brim Explorer», og den tidlegare annonserte kontrakta til «Norled».

Tveito ser kontrakten som som eit resultat av den breie satsinga Brunvoll gjer innan hybrid framdrift.

Utstyrspakke til brønnbåt

Brunvoll har også sikra seg levering av utstyrspakke til brønnbåten som det nyetablerte reiarlaget Hordalaks AS skal byggje ved Fitjar Mekaniske Verksted AS. Brunvoll skal levere komplett framdrift-, manøvrering- og kontrollsystem til brønnbåten.

Ifølgje Møre-Nytt er det Brunvoll Volda som skal levere utstyret til denne båten.

Skipsdesignet er eit samarbeid mellom Heimli Design AS og Fitjar Mekaniske Verksted AS. Leveransen frå Brunvoll finn stad innan tredje kvartal i 2019, ifølgje pressemeldinga.

Brønnbåten «Hordagut» får utstyr laga på Brunvoll. Foto: Illustrasjon: Heimli Design AS