For ei tid tilbake var det fem prestar i Volda og Ørsta som skreiv imot meg då eg hevda at Gud kallar menneska til å vende om frå synda. Det var i samband med homofili debatten som gjekk føre seg i avisene. Mange av innlegga var direkte krenkande og vart kasta i søpla, men det frå prestane har eg tatt vare på og sett i glas og ramme. Det ser eg som ei æresbevising!

Kven var det som gjekk imot Hans Nilsen Hauge då han tala om synd og nåde og gav ut mellom anna boka «Vedens daarlighet»? Det var lensmennene og prestane.

Dei sette han i fengsel i ti år, så han miste helsa og døydde berre 53 år gamal. Ikkje mykje har forandra seg på to hundre år. No går prestane imot folk som vil stå på Guds ord og halde fram kva som er rett og gale.

Sjølvsagt er vi glade i alle menneske og vil ta imot dei i kjærleik, men det er ikkje det same som at ein godtek ein syndig livsførsel. Som Guds tenarar må ein vere tru mot Ordet og våge å seie kva som står der. Vi er kalla til å vere lys og salt, og her er det prestane sviktar! Når synda vert velsigna har kyrkja ingen verdi lenger. Den har vorte ei sekt som ikkje held seg etter sanninga. Dette er svært alvorleg. Samfunnet er i ferd med å rotne opp og Noreg er i fritt fall. Teologane har mykje av skulda for dette.

I boka « Vekkelse i dag» av Reidar Paulsen skriv Birger Løvli eit kapittel «Politisk knefall eller kristen vekkelse». Her siterer han Martin Luther: « Det rører ved noe av det springende punkt i en vekkelse slik som vi er vant til å betrakte den, nemlig at mennesker vekkes til å se at de lever i synd, og formanes til bot og omvendelse.»

Dette har no blitt borte. Folket blir forført til å tru at berre dei er døypt og konfirmert så går dei til himmelen! Bibelen talar om to vegar, himmel og helvete. For å nå himmelen må folk vende om og ta imot Jesus.

I dag las eg Paulus sine siste ord i Bibelen i det andre brevet til Timoteus: «Det skal koma ei tid då dei ikkje skal tola den sanne læra, men etter sine eigne lyster skal dei ta seg lærarar i mengdevis, etter som det klør dei i øyra. Dei skal venda seg frå sanninga til eventyr. Men ver du edru i alle ting. Lid vondt, gjer ei evangelists gjerning, og fullfør tenesta di.» Denne tida er no. Jesus kjem snart att.