(Sunnmøringen:) – Eg bur sjølv i ein vernesone her i Drøbak, og ser at gamle bygningar er under press. Eg er interiørarkitekt, og meiner at miljøet påverkar oss, seier ho på telefon med Sunnmøringen.

Ho starta underskriftskampanjen på opprop.net i april, etter å ha sett omtale av riving av Grand Hotel på Facebook.

– Eg såg hotellet sjølv i 2004, og allereie den gongen beit eg meg merke i det flotte hotellet og syns det er synd at det står og forfell, seier ho.

– Hotellet har ein utruleg sterk historie, og mitt ønske er at hotellet vert bevart og pussa opp til Historisk hotell. Det vil trekke til seg besøkande, meiner ho.

Hotel Brosundet i Ålesund og Hotel Union Øye i Norangsdalen er begge med i hotellkjeda De Historiske Hotel.

Sterkt engasjement

Underskriftskampanjen har vekt engasjement blant arkitektinteresserte, og underskriftene kommer frå store delar av Noreg.

I kommentarfeltet skriv ein:

«Vi må stoppe å rive historia vår – det er nok plass til signalbygg også.»

Ein annan kommentar:

«Forståelse for kostnadene, men signalene vi gir generasjoner videre om hva som er verdifullt er viktige.»

Sak i PLA

Fast utval for plansaker (PLA) hadde onsdag sak om planoppstart for Basecamp Hotel Hellesylt oppe til handsaming.

Oppstartsmøte for nyhotellet var 9. august, og tilrådinga frå rådmannen er at ein startar arbeidet med detaljregulering for hotellet.

Hovudformålet med planarbeidet er å leggje til rette for bygging av nytt hotell, moglegheiter for å flytte eksisterande ferjekai og å sjå på moglegheita for å utnytte spillvarme frå eventuelt hydrogenanlegg i Hellesylt sentrum.

Kommunen har kome fram til at det ikkje er krav til konsekvensutgreiing for planen.

I vurderinga skriv rådmannen at planen om riving av Grand er kontroversiell, men peiker samtidig på moglegheiter for heilårsarbeidsplassar og auka aktivitet i bygdelaget.

Denne saka sto først på trykk hos Sunnmøringen.