Toaletta i Olden klare til bruk

Nyheter

(Fjordingen:) Stryn kommune har no dei midlertidige toaletta i Olden klare til bruk. Onsdag ettermiddag kunne Tor Guddal fortelje at toaletta i Olden er klargjorte. Dermed har arbeidet som starta fredag gått svært raskt.

Det har heller ikkje gått lang tid frå saka om mangel på offentlege toallett i Olden var oppe i media til kommunen sette i gang prosessen med å få på plass ei mellombels løysing. Utover hausten vil kommunen jobbe vidare med planane for eit permanent servicebygg med toalett i Olden. Dette bygget skal stå klart til turistsesongen 2019.

Denne saka sto først på trykk i Fjordingen.