Trafikktryggingsutvalet i Møre og Romsdal ber no i eit vedtak om at fartsgrensa umiddelbart blir sett ned frå 60 til 50 kilometer i timen.

– Nedsett fart er det billigaste og mest effektive tiltaket, seier utvalsleiar Kristin Sørheim (Sp) til Sunnmørsposten.

– Dette er ein milepæl. Vi ønsker også fotoboks, fartsdemparar og ikkje minst gang- og sykkelveg. Men det forstår vi tek lenger tid. Nye skilt kan dei raskt få opp, seier Siw Rotevatn Vikene, leiar i grendeutvalet.

Men det er Statens vegvesen som til sjuande og sist bestemmer fartsgrensene på riks- og fylkesvegar. Og dei har ikkje vore til å rikke så langt, iallfall.

Ikkje nokon vits med 50-sone

Siw Rotevatn Vikene seier til avisa at dei heile tida har følt motvilje i vegvesenet:

– På eit møte med oss sa dei at det ikkje var noko vits i å setje ned fartsgrensa her, fordi då ville det berre bli fleire som køyrde ulovleg fort.

Trafikkingeniør Kåre Mittet Rolandsen i Statens vegvesen stadfestar synspunktet:

– Å sette ned fartsgrensa til 50 kilometer i timen vil slett ikkje ha nokon effekt. Bilistane kjem til å køyre like fort som før.

– Kva må då til?

– Det må byggast ein gang- og sykkelveg her. Og dersom trafikktryggingsutvalet meiner dette er ein farleg skuleveg, så bør det ordnast med skuleskyss her, seier Rolandsen.

I Statens vegvesen sine reglar for fartsgrenser heiter det at det berre er i tettbygde strok det kan vere 50-sone. Så tettbygd er det altså ikkje her.

Nesten-ulykker fleire gonger

Margrethe Munthe Vassbotn, trebarnsmor og busett rett ved skulen, har vore redd i årevis:

– Mine born har vore utsett for nesten-ulykker fleire gonger. Det blir køyrt altfor fort forbi skulen. Dei som køyrer i 60 på vegen blir ofte forbikøyrd, legg ho til.

Vikene fortel at dei har etablert ein praksis overfor firmabilar som råkøyrer:

– Vi ringjer firmaet, og konfronterer dei med bilkøyringa. Det har vi fått gode tilbakemeldingar på.

Og no ventar ho på ei enda betre tilbakemelding – denne gong frå vegvesenet:

– Eg forventar at det kjem opp 50-skilt i haust, kanskje allereie til haustferien.

Nedsett fart er det billigaste og mest effektive tiltaket, seier utvalsleiar Kristin Sørheim (Sp). Foto: Terje Engås