Kva er dyrast, ferjedrift eller Nordøyvegen. Fylkeskommunen jobbar med å berekne framtidas ferjekostnader i rute 21 til Lepsøya og Haramsøya. Eitt av alternativa er å redusere ferjetilbodet og gå ned til éi større batteriferje.

Dette får leiaren for samferdselsutvalet, Kristin Sørheim (Sp), til å reagere:

– Det er ikkje aktuelt med éi ferje i rute 21 med det trafikkgrunnlaget som er der – samanlikna med trafikkgrunnlaget på ferjene t.d. til Smøla og Aukra, seier Sørheim.