– Krisepakken til landbruket er god, men ikkje god nok, seier Odd Magne Bjørdal, styremedlem i Møre og Romsdal bondelag.

Bondelaget i fylket er skuffa både over landbruksministeren, men gir også eit spark til eigne organisasjonar i saka om krisepakken. For sjølv om bønder også i Møre og Romsdal er hardt ramma, er det ikkje ei krone å få frå pakken som bondeorganisasjonane blei einig med staten om denne veka.

Fleire har avlingstap

På Norges Bondelag si nettside går det fram at dei gjennom forhandlingene har søkt å finne ordningar som treffer dei bøndene som er hardast ramma av tørken.

Tørken har gått verst utover områda på Sør- og Østlandet. Derfor er ekstra husdyrtilskot og arealtilskot til grønnsaker avgrensa til å gjelde for produsentar i Østfold, Akershus/Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold, Telemark og Agder, samt kommunane Bjerkrheim, Gjesdal, Strand, Sokndal, Eigersund og Lund i Rogaland.

– Møre og Romsdal dett imellom. Vi veit at ein eller fleire bønder i dei fleste kommunar i fylket har avlingstap på grunn av tørke. Mange har så stort tap at dei får avlingsskadeerstatning, men eigendelen er så stor at dei ikkje får mykje erstatning, seier Bjørdal.

– Ikkje lukrativ ordning

I krisepakken har organisasjonane blant anna framforhandla ei tilleggserstatning på 1290 kroner per mjølkekyr. For ein mjølkebonde med 20 kyr, blir det då 24.800 kroner til kjøp av fôr, ifølgje Bjørdal.

–Dette får ikkje ein mjølkebonde i Møre og Romsdal ta del i, og det er synd, meiner Bjørdal.

Han fortel at den ordinære erstatninga krev minst 30 prosent avlingstap. Så er det eigendel på 30 prosent på det igjen.

– Uansett får du ikkje erstatta meir enn 50 prosent, så dette er ikkje noko lukrativ ordning, seier han om den ordinære erstatninga.

Ille i dalbotnar med sandjord

Bondelaget har ikkje full oversikt over korleis tørken har ramma i fylket, men dei veit at det er ille i dalbotnar med sandjord.

– Dei fleste kommunar har slike område, seier Bjørdal som sjølv bur i Ørsta kommune.

Her veit han at enkelte i Bondalen er hardt ramma. Dei håpar på ein god tredjeslått, men det vil uansett ikkje vere nok til å kompensere for lite gras i første- og andreslåtten.

– Og det er høge prisar viss du skal kjøpe fôr. Enkelte skor seg på andre si elendigheit og skrur opp prisane, seier Bjørdal.

Hardt ramma i Stryn

Heller ikkje Sogn og Fjordane får ta del i krisepakken. NRK Sogn og Fjordane fortel om bonde Toril Midtkandal i Stryn som har 35 mjølkekyr og manglar 50 prosent av avlinga i år. Ho har brukt 250.000 kroner til fôr og får berre 50.000 i erstatning.

– Det kjem til å bli veldig trongt økonomisk framover, seier Midtkandal til NRK.

Ho er skuffa over at gardsbruka ikkje får individuell behandling, men at staten heller vel å gi kompensasjon til alle bøndene i utvalde fylke og kommunar.

Odd Bjarne Bjørdal er kritisk til at berre deler av landet får pengar frå krisepakken, når ein veit at fleire også andre stader er ramma. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik