Det seier landbrukssjef Mandy Häger i Sykkylven, etter at kommunen har vore på synfaring i hytteområda.

Ho stadfestar at kommunen no har sendt ut brev til ei rekkje hytteeigarar med beskjed om at elektriske gjerde er forbode, og må fjernast. Det er ikkje nok å slå av straumen, heller.

Häger fortel at bakgrunnen for forbodet var fleire tilbakemeldingar frå dyreeigarar i fjor om sauer, og spesielt lam, som vart ståande fast i slike gjerde oppe på fjellet.

Dette handla både om trådgjerde, og nettinggjerde, men aller helst det siste.

– Difor har politikarane vedteke dette forbodet, og det gjeld alle typar elektriske gjerde, legg Häger til.

Mange kommunar har eit generelt forbod mot å gjerde inne hytter.

Slik er det ikkje i Sykkylven. Så hytteeigarar kan setje opp fastståande gjerde, til dømes skigardar. Men elektriske gjerde er derimot forbode.

I Sykkylven er det lov å gjerde inne maksimalt 200 kvadratmeter av ei hyttetomt ved inngangsparti og mindre uteplassar, i område kor beitedyr kan forårsake ulempe og skade på eigedommen.

– Korleis har hytteeigarane reagert på brevet?

– Dei fleste har forståing for forbodet, og svarer at dei skal rette seg etter regelverket. Men det er ikkje alle som er like fornøgde.

Mandy Häger legg til at ettersom det snart er slutt på beitesesongen, vil kommunen i hovudsak vere villig til å gje dispensasjon ut året, slik at hytteeigarane får tid på seg til å fjerne dei ulovlege gjerda og eventuelt erstatte dei med lovlege gjerde rundt eigedomane.

Neste år vil kommunen gjennomføre nye synfaringar for å sjå til at alle ulovlege gjerde er borte.

Også i nokre av landets største hyttekommunar har dei sett fokus på straumgjerde.

I fjor skreiv Hytteavisen at slike gjerde skal vekk i Hafjell i Øyer kommune.

– Slike gjerde ønsker vi ikkje, og no skal dei fjernast, sa avdelingsleiar Knut Arne Høysveen i Øyer til avisa.

– Vi kan ikkje ha straumgjerde der barn og hundar ferdast. I sommar har vi hatt eit par tilfelle der sauer har sett seg fast, la Høysveen til.

Også på Sjusjøen vart gjerda fjerna i fjor haust.