Millionar til oppdrettskommunar

Sal av nye oppdrettsløyve gir pengar i kassa. I år kjem den første større utbetalinga av havbruksfondet.

ILLUSTRASJON. Marine Harvest avlusar her laks med hydrogen-peroksid ved Voldshammaren i Volda.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

I år har staten selt 15.000 tonn ny kapasitet gjennom auksjon, for i alt 2,9 milliardar kroner. Dette blir utbetalt til alle kommunar og fylkeskommunar som har lagt til rette for oppdrettsnæringa.

I dag kom oversikten. Til meir biomasse som er tillate i merdane, til meir pengar blir det i kassa.

Midsund og Vågsøy toppar kommunelista med 10 millionar kroner. I tillegg får fylkeskommunen meir enn 34 mill. Summen er ei eingongsutbetaling frå havbruksfondet.

Vågsøy10.693.947,17
Selje7.319.725,60
Vanylven7.879.750,55
Herøy4.502.714,60
Ulstein1.688.517,97
Volda9.005.429,20
Ørsta8.659.066,54
Norddal2.250.693,45
Stranda7.317.383,30
Stordal1.689.181,83
Skodje1.125.457,37
Giske6.191.232,57
Haram7.879.750,55
Vestnes6.753.408,05
Midsund10.129.330,43
Sandøy2.251.357,30
M&R fylkeskommune34.383.392,32