Fire konkurrerande alternativ for nytt mediebygg vart presentert på Høgskulen i Volda 12. september

– Eit steg nærare draumen

Høgskulen i Volda og Statsbygg, har fått fire illustrerte forslag til nytt mediebygg å velje mellom

Konkurrentar: Veidekke og arkitektgruppa Lille Frøen (oppe til venstre) K. Norang AS / PEAB og Link arkitektur (oppe til høgre) , HENT AS og MAD arkitekter og Oslo Works (nede til venstre) og HS Bygg AS og HLM arkitektur (nede til høgre) konkurrerar om å få bygge.  Foto: Illustrasjon: Statsbygg

Nyheter

– Draumen rykker med dette eit steg nærare, sa høgskuledirektør Karen Lomeland Jacobsen frå talarstolen.

Ho slo fast at skal medieutdanninga i Volda oppretthalde rekruttering og renommé, trengst nye, framtidsretta lokale.