[ helgapraten ]

Føler ansvar for Ekornes

Som 22-åring kjøpte Ruihai Zhao ei bok om korleis han kunne lage ein sofa. 31 år seinare er han blitt eigar av møbelkonsernet Ekornes.

Konserneigar: Eit legendarisk bilde av Jens Petter Ekornes i Stressless med Straumshornet i bakgrunnen, har inspirert fotografen til dette bildet. No er det kinesiske Ruihai Zhao som har teke denne posisjonen. I Kina skriv dei familienamnet først, men vi nyttar den norske varianten.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

– Eg føler eit stort ansvar og press for å gjere ein god jobb for dei tilsette, seier Zhao, via tolk – ein nordmann som kan kinesisk.

Morosam og sjenerøs

Den kinesiske forretningsmannen har nettopp snakka til sine norske tilsette, når vi møter han i Ekornes-kantina på Ikornnes. Vi skal få vite meir om mannen som er så viktig for folk og lokalsamfunn i distriktet vårt. Til stades er også konsernsjef i Ekornes, Olav Holst-Dyrnes og kinesiske Yang Lei. Sistnemnde er partnar i Huatai Securities – den andre kinesiske eigaren av Ekornes. Dette selskapet eig 9,5 prosent, og var i tillegg med og finansierte Qumei sitt aksjekjøp.