Politiet stiller med forsterka mannskap til Oktoberfesten:

– Festen skal føregå på festivalområdet

Politiet i Stryn stiller med forsterka mannskap gjennom heile Oktoberfest-helga. – Vi kjem til å ha fokus på at festen skal føregå inne på festivalområdet. Ikkje i bilar og bussar rundt om i sentrum, seier politibetjent Vidar Stavik.

Inne på festivalområdet: – Vi ønskjer at oktoberfesten skal føregå inne på festivalområdet. Ikkje i bussar og bilar på plassar rundt i sentrum. seier politibetjent Vidar Stavik. Politiet i Stryn stiller med forsterka mannskap heile helga, og minner om at vanlege lover og reglar gjeld. Det betyr til dømes at det blir slege ned på både drikking, urinering og forsøpling på offentleg plass. 

Nyheter

(Fjordingen:) Oktoberfest Stryn har blitt eit svært populært arrangement, som trekkjer både fastbuande og tilreisande til ompafest gjennom heile helga.

Skryt til arrangørane

Arrangørane av Oktoberfest Stryn, Stryn Ping Pong Club (SPPC) får skryt frå politiet for vakthaldet inne på sjølve festivalområdet.

– Politiet er svært godt nøgde med eigenvakthaldet til Oktobefest Stryn. Dei gjer ein god jobb. Det som føregår inne på området overlèt vi såleis i stor grad til dei, og så har vi god kommunikasjon slik at dei får bistand frå oss ved behov, seier Stavik.

Passe på at festen ikkje breier seg

Utanfor festivalområdet kjem politiet til å følgje nøye med.

– Vi ønskjer ikkje at festivalen skal føregå i heile Stryn sentrum. Vi kjem difor til å passe på at festen ikkje breier om seg på gater og plassar rundt om i sentrumsområdet, seier Stavik.

Målet er ikkje å vere «festbrems», legg han til.

– Folk må gjerne feste og ha det moro. Men vi ønskjer at det skjer inne på festivalområdet!

Minst mogeleg unødvendig køyring

Politiet seier Oktoberfest-helga har blitt ei helg der folk trekkjer til Stryn, sjølv om dei ikkje har billett og skal vere med på sjølve oktoberfesten.

– Vi ønskjer ikkje at folk etablerer seg i bilar og bussar og sit og festar i desse rundt i sentrum. Vi oppmodar også til minst mogeleg unødvendig køyring i gatene. Dette for å unngå uønska situasjonar i trafikken, det er mykje folk ute i gatene denne helga.

Vil bli handheva

Elles minner politiet om at vanlege lover og reglar også gjeld denne helga, og vil bli handheva på vanleg måte.

– Dette gjeld til dømes drikking på offentleg plass, urinering og forsøpling, seier Stavik.

Stort vaktkompani

Ein stor stab er i sving for å sørge for tryggleik og helse under Oktoberfest Stryn. Ein stor stab av sikkerheitsvakter, Røde Kors-personell og teltvakter er i sving, og i år vil SPPC også ha eigen lege til stades.

Arrangørane av Oktoberfest Stryn har etter kvart opparbeidd seg ein solid kompetanse og ein røynd stab til å ta seg av vakthaldet.

Vaktstaben får ros av det lokale politiet for arbeidet som vert gjort inne på festivalområdet, der det til eikvar tid er eit høgt tal vakter i sving for å halde ro og orden.

I spissen for det heile står Terje Mundal, som også i år har ein solid gjeng med seg i vaktkompaniet.

– Vi stiller med 55 vakter fredag og det same talet laurdag. I tillegg stiller Røde Kors med personell, seks personar. Nytt av året er at vi også har knytt til oss lege som går inn i staben inne på området. Og så leiger vi gjerdevakter frå Loen IL, seier vaktsjefen til Fjordingen.

Denne saken sto først på trykk hos Fjordingen.