Fjernar mispelplantar som kan smitte med pærebrann i Herøy og Sande

Plantesjukdommen pærebrann kan ta knekken på eple- og pæretre. I fjor vart sjukdommen påvist i Herøy og Sande. No pågår det ei total utrydding.

PÆREBRANN: Mattilsynet har funne plantesjukdommen pærebrann i buskar i Herøy og Sande, fortel planteinspektør Nils S. Melbøe. I desse to kommunane går det no føre seg ei total utrydding av plantane bulke- og pilemispel, som er mest mottakelege for smitte.  

Nyheter

– Det er eit omfattande arbeid vi har sett i gang i Herøy og Sande, der pærebrann vart oppdaga i fjor haust.