Vegvesenet skrinlegg E39 gjennom Svartløken

Vegvesenet snur og vil ha nye E39 over Ørskogfjellet.

Mevatnet: I alternativ 3.1 går E39 oppe i dagen frå Fylling og hit til Mevatnet i Skodje, og i tunnel vidare forbi Svartløkvatnet. Vegvesenet går no bort frå denne anbefalinga.  Foto: Dagfinn Lillebø

Nyheter

– Ut frå opplysningar som har kome fram under høyringsperioden vil Statens vegvesen endre si tilråding for utvikling av E39 på strekninga Digernes-Vik, skriv Vegvesenet i ei pressemelding tysdag.

Vegvesenet har tidlegare anbefalt å la E39 gå gjennom friluftsområdet Svartløken og deretter i tunnel til Tomrefjord. No går Vegvesenet bort frå dette.

– Vegen bør bli utvikla etter konsept K2.1B med veg i dagen mellom Digernes og Dragsundet og i Solnørdalen, tunnel til Landedalen, veg i tunnel under høgste punktet på Ørskogfjellet og tunnel til Vik. Det langsiktige målet er firefelts veg med 110 km/t. Første steget er å byggje veg med midtdelar og 90 km/t, skriv dei i meldinga.

Konsept 3 forbi Svartløkvatnet har best netto nytte per budsjettkrone, men samtidig svært negative konsekvensar for friluftsliv og naturmiljø, skriv Vegvesenet.

Eit fleirtal av dei som har gjeve høyringsfråsegn, mellom anna fylkesmannen, fylkeskommunen og alle kommunane utanom éin, går etter ei totalvurdering inn for K2-alternativet.

Ei rekke fordelar med Ørskogfjellet

Det er også andre fordelar med å la nye E39 gå over Ørskogfjellet, skriv Vegvesenet.

Enklare planprosess: Ut frå fråsegna frå fylkesmannen, fylkeskommunen og to av dei tre kommunane som ny veg kan gå gjennom, vil planlegging etter plan- og bygningslova vere enklare med K2-alternativa enn K3-alternativa.

Mogleg trinnvis utbygging: Det er i tilleggsutgreiinga vist at K2-alternativa kan delast i mindre byggesteg enn K3-alternativa om det er ønskjeleg. Endringane som Vegvesenet no legg fram gjer at eit mogleg første byggesteg i K3-alternativa blir dyrare. Eit mogleg første byggesteg for K3-alternativet vil ha ein kostnad på 5,3-7,8 mrd. kr, mens det for K2.1B vil ha ein kostnad på 4 mrd. kr.

Driftskostnader: Det vil ikkje vere naudsynt å bygge doble løp i tunnelane ut frå trafikknivå før etter 2050. Omsyn til høyringsfråsegnene knytta til Svartløken-/Fyllingområdet i K3.1-alternativa gjer det naudsynt med så lange tunnelar at desse må byggast med doble løp med ein gong for ønske sikkerheit, jf. vegnormalane. Dette vil auke driftskostnadene.

Konsept K2.1B over Ørskogfjellet vil også leggje grunnlag for ein vesentleg reduksjon i kostnadar sett opp mot grunnlaget for Nasjonal transportplan 2018-2029. Dette er i tråd med Stortinget sine forventningar for prosjektet.

Dermed blir også reisetida mellom Ålesund og Molde litt lenger. Vegvesenet har tidlegare oppgitt tre-fire minutt spart reisetid med Svartløken-alternativet. No skriv dei dette mot slutten av pressemeldinga:

– Den moglege auka reisetidsgevinsten ved K3 sett opp mot K2 er ikkje likevel stor nok sett opp mot forholda ovanfor.