Endrar tidspunkt for kolonnekøyring gjennom Godøytunnelen

Frå måndag av skal det bli faste kolonnetidspunkt og mindre venting for trafikantane som skal gjennom Godøytunnelen.

GODØYTUNNELEN. På det brattaste har Godøytunnelen ein stigningsgrad på 10 prosent. 

Prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det melder Statens vegvesen onsdag. Det blir faste tidspunkt for kolonnekøyring mellom klokka 07 til 08.30 og 15.30 til 17.30.

Kolonnane vil i dette tidsrommet vil gå heil og halv frå Godøya, og kvart over og kvart på frå Giske. Det har tidlegare vore kolonnekøyring med inntil 20 minutt ventetid på morgonen og ettermiddagen.

- Trafikantane har ønsket meir forutsigbarheit og vi innførar derfor faste tidspunkt for kolonnekøyring også på morgonen og ettermiddagen. Da veit man når kolonnen går og slepp å vente unødig i inntil 20 minuttar. Det blir ikkje tak på antal bilar, alle får vere med. Nærmiljøutvalet og kommunen er positiv til endringa, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i pressemeldinga.

Tabellen under viser trafikkavviklinga frå 22. november, (utheva klokkeslett er endra tidspunkt):

Måndag til fredag

Frå GodøyaFrå Giske
Kl. 05.00Kl. 05.20
Kl. 06.00Kl. 06.20
Kl. 07.00Kl. 07.15
Kl. 07.30Kl. 07.45
Kl. 08.00Kl. 08.15
Kl. 08.30Kl. 08.45
Kl. 10.00Kl. 10.20
Kl. 12.00Kl. 12.20
Kl. 14.30Kl. 14.50
Kl. 15.30Kl. 15.45
Kl. 16.00Kl. 16.15
Kl. 16.30Kl. 16.45
Kl. 17.00Kl. 17.15
Kl. 17.30Kl. 17.45
Kl. 18.30Kl. 18.50
Kl. 20.00Kl. 20.20
Kl. 22.00Kl. 22.20

Laurdag og søndag:

Frå GodøyaFrå Giske
Kl. 07.00Kl. 07.20
Kl. 08.00Kl. 08.20
Kl. 09.00Kl. 09.20
Kl. 10.00Kl. 10.15
Kl. 10.30Kl. 10.45
Kl. 11.00Kl. 11.15
Kl. 11.30Kl. 11.45
Kl. 13.00Kl. 13.20
Kl. 14.30Kl. 14.50
Kl. 15.30Kl. 15.45
Kl. 16.00Kl. 16.15
Kl. 16.30Kl. 16.45
Kl. 17.00Kl. 17.15
Kl. 17.30Kl. 17.45
Kl. 18.30Kl. 18.50
Kl. 20.00Kl. 20.20
Kl. 22.00Kl. 22.20