Full vinter – skift dekk

Sommardekk og snøføre passar dårleg saman. Det fekk fleire bilistar på strekninga Geiranger-Eidsdal merke måndag.

SNØ: Kvit veg mellom Eidsdal og Geiranger.  Foto: MARIANN HOEL

Nyheter

– Eg møtte fleire som kom køyrande på sommardekk, og eit par av dei fekk store problem, seier Gunnar Arntsen til Sunnmørsposten.

– Det stemmer, stadfestar Karl Martin Rønneberg hos Eidsdal Auto.

Ute med bergingsbilen

Rønneberg køyrer NAF sin bergingsbil i området.


Indreeide - Korsmyra

Rassikring vedtatt for fjerde gang

Rassikringen av den viktige vegen mot Geiranger skal starte vedtok fylkesutvalget. Og sendte saken til fylkestinget for fjerde gang.

Måndag måtte han ut på oppdrag.

– Ein bil hadde hamna i grøfta. Ein annan våga ikkje å køyre lenger, og måtte få hjelp, fortel Rønneberg.

Brøytebil i aksjon

Han legg til at det kom ca. fem - ti centimeter med snø på ein gong, og brøytebilen måtte ut for å rydde vegen.

– Det er berre å få på vinterdekka no. Iallfall om ein skal til Geiranger – eller opp i høgda, seier Rønneberg.

Sjå vegmeldinger for Møre og Romsdal i liste  (ekstern lenke)

Sjå vegmeldinger for Sogn og Fjordane i liste (ekstern lenke)