Kystverket avviser at skipstunnelen blir utrygg

Kystverket forstår ikkje kvifor Hurtigruten vil droppe Stad skipstunnel. Dei er overtydd om at tunnelen blir trygg nok.

Skipstunnel: Kystverket meiner det blir trygt å segle gjennom den 1,7 kilometer lange Stad skipstunnel. Illustrasjon.  Foto: Snøhetta/Kystverket

Nyheter

Det skriv tu.no etter at det denne veka kom fram at Hurtigruten ikkje kjem til å bruke Stad skipstunnel. Frykt for branntryggleiken og kø i tunnelen er blant argumenta som Hurtigruten har brukt.

– Det er temmelig usannsynleg at det skal oppstå brann medan skipet er på veg gjennom den 1,7 kilometer lange tunnelen, samtidig med at alle motorar og framdrift stansar, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket til tu.no.

Hurtigruten vil ikkje bruke Stad skipstunnel

Hurtigruten meiner det ikkje er nokon gode grunnar til å nytte seg av den planlagde Stad skipstunnel.

Ikkje som i biltunnel

Faren for at branntilløp med full black-out inne i tunnelen er rekna til å vere om lag ein gong per ein million år.

Andreassen seier også at brann i skipstunnel ikkje kan samanliknast med brann i ein biltunnel. I skipstunnelen er det mykje vatn og langt til alle tunnelveggar i den heilt rette tunnelen, der passasjerande vil kunne sjå ut i begge endar. Det blir også trena mannskap som kan ta hand om eventuell evakuering.

Ueinige om Stad skipstunnel: Hurtigruten meiner den er unødvendig, Havila Kystruten meiner tunnelen vil vere viktig

Hurtigruten og Havila skal begge segle kystruta forbi Stad, men dei ser heilt ulikt på kva for nytte og interesse verdas første skipstunnel kan ha.

Ikkje livbåtar

Andreassen kommenterer også at det ikkje er meininga at livbåtar skal sjøsettast inne i tunnelen. Derimot blir det evakueringsvegar på begge sider, slik at ein skal kunne gå frå skipet om ein må evakuere.

Hurtigruten fryktar også kø for å sleppe gjennom tunnelen, men det meiner Andreassen skal mykje til.

Passasjerskip er prioritert og vil aldri måtte vente mange minutt.