Kontrollutvalet for Sykkylven kommune skal behandle sal av fire bustader

Bakgrunn: Reagerer på sal frå kommunen sitt bustadselskap

Kontrollutvalet til Sykkylven kommune skal behandle eit bustadsal frå februar i år, der fire rekkehusseksjonar vart seld.

SELD: Det er salet av fire av seksjonane i dette rekkehuset i Grebstadlia i Sykkylven som kontrollutvalet skal vurdere. Klagaren meiner han blei oppmoda av eit medlem i utvalet om å klage saka inn, og han påpeiker at han ikkje meiner at kjøparane har gjort noko gale, men ønsker ein gjennomgang av vurderingane til Sykkylven Bustadselskap. 

Nyheter

Seljaren var det kommunalt heileigde aksjeselskapet Sykkylven Bustadselskap, og ein klagar meiner seg urettferdig behandla i salsprosessen.