Dette hende i natt:

Bil hamna på taket

Ein person blei køyrd til akuttmottak etter ei trafikkulukke på Vatne natt til laurdag.
Nyheter

Klokka 00.45 melder politiet om ein bil som hamna på taket på Vatne i Haram. Det var ein person i bilen, og det blir meldt om store materielle sakdar etter ulukka. Bilføraren kom seg ut av bilen og stod fram som oppegåande, men blei køyrd til akuttmottaket for sjekk. Han skal ikkje ha hatt synlege skader, ifølgje loggen til Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet undersøkjer og opprettar sak på forholdet.

Bilførar sovna

KLokka 00.34 køyrde ein bil av vegen på Stette i Skodje. Der er det ikkje meld om personskade. Føraren hevda å ha sovna bak rattet. Politiet opprettar sak og har teke førarkortet frå bilføraren.

I eitt-tida rykka politiet ut til ei leilegheit i Ulsteinvik etter melding om feststøy frå ei leilegheit. Det er snakk om kraftig bass frå ein høgtalar. Politiet fekk lovnad om at eigar ville skru av anlegget resten av natta.

Hareid, Ålesund, Ørsta

I halvtre-tida kontrollerte politiet ein bil på Hareid, etter mistanke om køyring i påverka tilstand og utan gyldig førarkort.

Like før klokka tre blei ein mann vist bort frå Ålesund sentrum på grunn av knuffing.

Ein mann i 20-åra er meld for ordensuro i Ørsta fordi han spelte svært høg musikk i bilen i tre-tida natt til laurdag. Samtidig blei bilen avskilta på grunn av manglande EU-kontroll.