Stor prisauke på renovasjon – rådmannen ber Årim ha fokus på kostnadskontroll:

Årim med overskot – likevel aukar gebyret

Kvifor aukar gebyret neste år med 160 kroner når ÅRIM har gått med overskot år etter år?

Nye dunkar: Årim har innført ny kjeldesortering. Giske var først ute. Grønt lokk for matavfall, oransje lokk er for glas og metall. Raud boks for oppbevaring av farleg avfall.   Foto: Staale Wattø

Pengane skal tilbake til abonnentane, men er fordelt på fire år. Det er det enkle svaret.

Øystein Solevåg
Nyheter

Årim (Ålesundregionens interkommunale miljøselskap IKS) har gått med overskot nesten kvart år, og har no rundt 12 millionar kroner på bok som dei må bruke dei neste åra.