«Noko av det mest spennande som har skjedd i villfisknæringa på mange år»

Stor fangst av ukjend torsk ved Jan Mayen

Fiskebåten «Loran» frå Godøya tok sjansen på fiske ved Jan Mayen, og fann det som kan vere ein ny torskebestand.

Nedfrosen: Den spesielle torsken blei nedfrosen om bord på Jan Mayen, men eit par eksemplar blei henta fram for fotografering på kaia måndag. Frå venstre skipper og medeigar Ståle Dyb, skipper Ruben Dyb, fiskar og styrmann Tonje Dyb og skipper Trond Olav Dyb.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Det er ikkje berre, berre å legge ut på ukjent hav. Viss vi bommar, så blir det tap. Men av og til må vi ta sjansen, seier Ståle Dyb, skipper og medeigar i line- og garnfartøyet «Loran».