Får ikkje bygge hus på garden ved Dalsfjorden grunna kart frå NVE

Eit databerekning frå NVE over jord- og flaumskredfare hindrar folk i bygge – med mindre dei sjølve eller det offentlege betalar for kostbare geologiske rapportar.

På vent: – Hadde det ikkje vore for ein velvillig nabo, hadde vi vel måtte flytta inn i campingvogna her, seier Vebjørn Lillebø (26) og Anika Karen Sandholt Aarflot (25), og ler litt. Dei sikra seg ei relativt flat gardstomt, men får ikkje bygge hus grunna ein jord- og flaumskredfare dei ikkje skjønar bæret av.  Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Nyheter

– Eg var så glad for at vi fekk ein av dei flataste gardane i bygda, seier Vebjørn Lillebø med eit oppgitt smil.