Jetman: Sjå teaseren her

For aller første gong tok menneske med jetmotor av frå landjorda: No er dei første klippa ute

Med jetmotor på ryggen og ei fart på opptil 300 km/t flaug Jetman i lufta over Synnylvsbygda i Stranda. No er den første teaseren frå Jetman Dubai ute.
Nyheter

Det var i 2016 at jetflygarane frå Jetman var i aksjon i Romsdal og på Sunnmøre.

Med jetmotorar og vingar på ryggen kasta dei seg blant anna ut frå Helsetkopen, og fluag som levande jetfly gjennom lufta. Og det var eit historisk syn:

For aller første gong tok eit menneske med jetmotor av frå landjorda. 

Jetman på Sunnmøre:

Hoppa frå fjelltopp - med jetmotor på ryggen

Med jetmotor i vingedrakta susar dei gjennom lufta i fleire hundre km/t, høgt over Sunnylvsbygda ved Hellesylt i Stranda.

Bildeserie: Sjå jetman fly gjennom lufta

– Vi kan fly både opp og ned. Slik ein drøymer om som barn

– Med basehopping kan vi fly nedover. Med jetvingane kan vi også fly oppover.

No er dei aller første klippa frå den kommande filmen "LOFT: The Jetman Story" publisert. Her ser vi jetwing-pilotane i aksjon i Eikesdalen i Romsdal og på Hellesylt på Sunnmøre.  Det er Jetman Dubai som står bak den komande dokumentarfilmen.

– Trur du det er umogleg? Vi vil vise det motsette, seier ein av dei tre pilotane i traileren.

Jetman er resultatet av 25 års arbeid av sveitsiske piloten Yves Rossy, som har designa og bygd det ein i dag kjenner som jetvingane. Sidan har han fått med seg pilotane Fred Feugen og Vince Reffet.

Sunnmørsposten intervjua jetflygar Jetflygar Fred Feugen då dei var på Sunnmøre – les intervjuet og sjå dei spektakulære bilda her.