Første leiar i nye Volda Høgre

Ivar-Otto Kristiansen valt til leiar i det nye lokallaget.

Det nye styret: F.v.; Bjørn Lødemel, Solfrid Førde, Ivar-Otto Kristiansen og Jo Stian Tverberg. Anne Raftevold er også med i styret.   Foto: Privat

Nyheter

Hornindal Høgre og Volda Høgre vart til nye Volda Høgre på felles årsmøte på Josybuda på Kalvatn fredag kveld, går det fram av ei pressemelding.

Og: På møtet vart Ivar-Otto Kristiansen frå Volda samrøystes valt til leiar for det nye partiet. Med seg i styret får han Bjørn Lødemel og Anne Raftevold frå Hornindal og Jo Stian Tverberg og Solfrid Førde frå Volda - eit styre med brei erfaring og lang fartstid i politisk arbeid, blir det påpeika.

Frå den nye leiaren heiter det elles følgjande:

– Eg er svært glad og takksam for den tilliten som har blitt vist meg frå medlemmane i dei to lokallaga, og for at eg får vere med på å bygge eit sterkt politisk lokallag for Høgre i nye Volda kommune. Som leiar ønskjer eg å vere med på å bygge opp eit lokallag som skal vere ein offensivt og handlekraftig politisk verkstad der folk trivast og kan vere med på å forme politikken i den nye kommunen. Eg ønskjer å prioritere arbeidet med å få med fleire ungdomar og kvinner i politisk arbeid. Eg er også svært glad for at eg har fått med mange dyktige og erfarne kollegaer i styret.