Ørsta: Høg musikk, utslått tann og ordensuroing

Litt styr i sentrum natt til søndag.
Nyheter

Politiet har hatt litt å gjere også i Ørsta, natt til søndag.

Ved 03-tida fekk dei fleire meldingar om høg musikk frå ein bil som køyrde rundt i Ørsta sentrum, men då politiet fann fatt i bilen var den utan musikk. Det vart likevel gitt ei klår åtvaring om at meir høg musikk ville resultere i at ein ville bli politimeldt.

Og litt før klokka 05 vart føraren av en personbil meldt til politiet nett for å ha spela høg musikk i sentrum. Loggen seier ikkje noko om kor vidt dette gjeld same bilen.

Vidare vart to - ifølgje politiet rusa, menn i 20-åra meldt for ordensuroing etter å ha slått til to andre personar.

- Den eine som vart slått blødde naseblod, ellers ingen skade, opplyser politiet.