Mediebygget i Volda blir utsett

To av dei fire som vil bygge nytt mediebygg ved Høgskulen i Volda er blitt avviste. Ein av dei har klaga.

KONKURRANSE: Veidekke og arkitektgruppa Lille Frøen (oppe til venstre) K. Norang AS / PEAB og Link arkitektur (oppe til høgre), HENT AS og MAD arkitekter og Oslo Works (nede til venstre) og HS Bygg AS og HLM arkitektur (nede til høgre) konkurrerer om å få bygge.  Foto: Illustrasjon: Statsbygg

Nyheter

Måndag skulle det etter planen offentleggjerast kven som får arbeidet med å byggje det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda. No er avgjerda utsett, melder høgskulen på nettsida si.

Årsaka er at ein av dei fire tilbydarane har klaga på at tilbodet deira er avvist.

Statsbygg og høgskulen hadde sett eit pristak på bygget på 120 millionar kroner, utan moms. To av dei fire som leverte tilbod er avviste, sidan dei ikkje heldt seg til kostnadstaket som blei sett i konkurransen, ifølgje høgskulen.

Avgjerda om kven som skal få arbeidet er dermed utsett til klagen er avgjort.


Fire konkurrerande alternativ for nytt mediebygg vart presentert på Høgskulen i Volda 12. september

Slik kan eit nytt mediebygg bli

Høgskulen i Volda og Statsbygg, har fått fire illustrerte forslag til nytt mediebygg å velje mellom