Fjord1 med knallsterkt kvartalsresultat

Trafikkselskapet med resultat på over ein halv milliard så langt i år.

GODT NØGD: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland. 

Nyheter

Fjord1 fekk eit resultat før skatt på 249,6 millionar kroner i tredje kvartal 2018, av ein omsetnad på 825 millionar kroner.

Hittil i år er resultatet på 553,3 millionar kroner, går det fram av en børsmelding tirsdag.


Fjord1 fossa vidare i første kvartal

Trafikkselskapet Fjord1 held fram med å auke inntektene etter rekordåret i fjor.

Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland er svært tilfreds med resultatet for tredje kvartal, ein periode kor selskapet også opna den første landbaserte Ferdamat-kafeen i selskapet si historie og gjennomførte dåp for nye elektriske fartøy.

I oktober leverte selskapet inn tilbod i verdas første hydrogenferje-anbod.

– Fjord1 er prega av svært stor aktivitet i heile selskapet, men kanskje spesielt på anbodssida kor vi er glade for å ha vunne godt fram i denne perioden, seier Netland ifølge ei pressemelding frå selskapet.

Selskapet legg bak seg nok ein periode med god og stabil drift. I tillegg vart Fjord1 tildelt ei ny anbodskontrakt frå Møre og Romsdal fylkeskommune i tredje kvartal.

Kontrakta gjeld «Romsdalspakken», som omfattar drift av fire samband i Romsdal i ein periode på 14 år.

Og nyleg vart Fjord1 også innstilt som vinnar i anbodskonkurransen om drift av fire samband på indre Sunnmøre. Kontrakta strekk seg over 14 år, og har ein verdi på om lag to milliardar kroner. Forventa kontraktsignering er i løpet av november.

Sævik-familien i Herøy er gjennom Havilafjord største eigar i selskapet, som blei notert på Oslo børs i fjor sommar.