Fagskolen i Ålesund

Har utdanna fagfolk i eit halvt hundreår

I 50 år har skulen utdanna fagfolk til næringslivet i distriktet. Studentane er praktikarar som ønskjer seg meir teoretisk utdanning.

Simulator: Seline Henriksen frå Rovde og Karl-Oskar Olsen frå Haramsøya utdannar seg til å bli styrmenn. I simulatoren på skulen trenar studentane på å styre skip.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

– Vi snakkar om kloke hender. Det handlar om at folk har det i hendene, og den typen folk vil næringslivet alltid ha behov for, seier Arve Hoel, rådgjevar ved det som siste åra har heitt Fagskolen i Ålesund.

Behovet i det lokale næringslivet førte til at skulen starta opp i 1968. Studentane kom frå lokalt næringsliv og gjekk tilbake dit etter skulen.