Sluttar i møbelbedrifta Fora Form

Usemje om vegen vidare gjer at adm.dir. Ivar Sandnes sluttar i Fora Form i Ørsta.

SLUTTAR: Ivar Sandnes har denne veka gått av som adm.dir. hos Fora Form AS i Ørsta. ARKIVFOTO: TERJE ENGÅS  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Det er ingen dramatikk i dette, korkje for meg eller bedrifta. Det heile er eit resultat av ein prosess over tid. Fora Form har fått ny konsernleiing. Dei har sine planar, og vi har ikkje vore einige, så då fann vi ut at dette var den beste løysinga, seier Ivar Sandnes (57) til Sunnmørsposten.

Han begynte i bedrifta 17. oktober for to år sidan. No er arvtakaren hans allereie på plass: Thomas Haram, som til no har vore innkjøps- og produksjonssjef i Fora Form.

Haram tek over ei bedrift som ifølge Ivar Sandnes går godt:

– Fora Form kan leggje bak seg eit godt år. Særleg vart hausten god, seier han.

Ivar Sandvik, opphavleg frå Eidså i Vanylven, er utdanna sivilingeniør. Han har mellom anna vore ti år i Glamox i Molde, og deretter 18 år i Stokke AS i Skodje/Ålesund.

Kva han skal gjere no, veit han ikkje:

– Først skal eg ta meg ein god juleferie, så får vi sjå etter kvart, legg han til.