Reknefeilen på Nordøyvegen: - Endrar ikkje tilrådinga

Assisterande fylkesrådmann Gunn Randi Seime i Møre og Romsdal la onsdag fram nye tall som viser at Nordøyvegen blir 1,2 mrd. billigare enn deitidlegare har trudd. Men administrasjonen endrar ikkje meining.

Avgjerd: Om mindre enn ei veke vil fylkestinget i Møre og Romsdal ha tatt si avgjerd om arbeidet med Nordøyvegen skal halde fram no, eller om prosjektet skal utsetjast.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Direkterapport frå møtet på smp.no  (for abonnentar)

Seime innleia møte i samferdsleutvalet med å fortelje at dei fleire gongar har spurt konsulentane i Atkins og Oslo Economics om saka – og at dei no har spurt på nytt  og fått «eit litt anna svar».

Ifølgje Seime er berekningane politikarane fekk lagt fram onsdag justert for å «fange opp ein 40-årsperiode».

Blir 1,2 mrd. billigare

Tala viser at fylkesadministrasjonen med dette vedgår at Nordøyvegen er billegare enn dei har sagt tidlegare. Dei vedgår også at ferjedrift er dyrare enn dei har rekna med.

Dette slår ut 1,2 milliardar kroner i Nordøyvegen sin favør.

Men den sokalla pukkeleffekten dei ti første åra gjer at administrasjonen ikkje endrar konklusjon.

Ein av grunnane til at dei ikkje er einig med Deloitte (1,7 mrd) er at fylkesadministrasjonen legg inn så mykje som ein milliard kroner over 40 år.

- Dette endrar ikkje tilrådinga

I den nye modellen er det uansett mindre forskjell mellom det å drifte ferjer og å bygge Nordøyvegen, ifølgje Seime – men påpeika at det framleis er mykje som er usikkert.

- Dette endrar ikkje tilrådinga vi har i saka, var konklusjonen frå Seime og  fylkesadministrasjonen.

Politikarane fekk sjå grafar for korleis mellom anna den sokalla pukkeleffekten er venta å bli, men det kom ikkje fram noko tal med to strekar under.

Det er som kjent pukkeleffekten dei ti første åra at fylkesadministrasjonen er bekymra over. Forskjellen mellom å drifte ferjer som i dag og å bygge Nordøyvegen er no 91 millionar kroner i året dei 10 første åra - ikkje 109 millionar kroner som dei har sagt før.

Direkterapport frå møtet på smp.no  (for abonnentar)

Fekk kritikk

Fleire av politikarane var kritiske til presentasjonen.

- Ein slik presentasjon som dette kan vi ikkje ha. Slik kan det ikkje gjerast. Vi har fått ein presentasjon på ein skjerm der vi ikkje ser «nokon ting», sa Cine Finstad Austnes (Frp).

Frank Sve (Frp) var heller ikkje nøgd:

- Eg har sjølv snakka med statsråden etter møtet sist fredag. Og eg har fått ut mykje meir informasjon. De må klare å få ut realitetane. Eg aksepterer ikkje dette, sa Sve til administrasjonen.

På spørsmål frå Knut Støbakk (KrF) opplyste Seime at vegvesenet no skal rekne på kva det vi koste å utvide bompengeperioden til 25 år.

Fleire av politikarane ga uttrykk for at dei var i villreie om kva dei skulle meine, og bad om meir informasjon om planen fram mot fylkestinget.

Sunnmørsposten kjem med meir