Skulebuss av vegen i Stryn

Har skjedd i Markane. Ifølgje politiet er ingen skadd.

Bussen sklei av vegen og står i grøfta. Ifølgje politiet er ingen skadd etter hendinga.   Foto: POLITIET

Utforkøyringa har skjedd på fylkesveg 15, i Markane i Stryn. Kart: Google Maps 

Nyheter

Vest politidistrikt melder at ein skulebuss har sklidd av vegen i Stryn, nærare bestemt i Markane, torsdag føremiddag.

Ifølgje politiet var det to ungar i bussen, men ingen er skadd. Ungane skal vere henta av kjente.

Politiet opplyste først at utforkøyringa hadde skjedd på riksveg 15, men operasjonsleiar Per Algrøy korrigerer dette til å vere ein sideveg frå denne.

- Vi vart kontakta om hendinga klokka 09.15. Utover at bussen har sklidd av vegen, er det ingen dramatikk. Patruljen på staden har elles vore i kontakt med foreldra til barna i bussen, seier han.