Leiar, 12. desember:

«Ein vel fortent jubeldag for folket på Nordøyane»

Tysdag vart ein ny historisk dag for Nordøyane. Tiår med kamp og håp er krona med siger, igjen. For det er langt frå første gongen folket på Nordøyane har jubla.

Applaus: Nær 300 frammøtte kunne endeleg sleppe applausen laus etter at fylkestinget i går gav grønt lys for at arbeidet med Nordøyvegen kan halde fram.   Foto: Staale Wattø

Det er god grunn til å feire, både i dag og når snora til det nye sambandet blir klipt

Nyheter

Det er heller ikkje første gong dei har vorte nøydde til å mobilisere både håp og kampvilje på nytt.

No ser det endeleg ut til at den neste jubeldagen vil verte når fastlandssambandet opnar. Det vil utan tvil vere ein dag det er god grunn til å juble for. Sambandet vil opne ei ny framtid for folket på øyane i Haram og Sandøy, for nye Ålesund og for ein heil region.

Nordøyvegen vil styrke grunnlaget for vekst og verdiskaping, knyte folk som høyrer saman, tettare saman og gi framtidstru og tryggleik for dei som vil satse på ei framtid i desse øysamfunna.

Rundt 300 tilhøyrarar hadde møtt fram til fylkestinget i Møre og Romsdal si handsaming av denne saka. Det svarar til meir enn ti prosent av folketalet på Nordøyane. Arbeidsgjevarar hadde gitt folk fri frå jobb, elevar hadde fått fri frå skule og det var sett opp bussar og båttransport til møtet.

Nordøyvegen kan opnast i 2022

Skanska har varsla at dei kan forsere hovudkontrakten på Nordøyvegen med inntil eitt år.


Dette syner litt av kor mykje dette sambandet betyr for øyfolket. Det syner også spenninga som var knytt til utfallet. Visst har det vore harde kampar tidlegare også, heilt frå den første spede starten tidleg på 60-talet, men denne gongen kunne det stå om eit vere eller ikkje vere for sambandet.

Ei utsetjing ville bety slutten for veghåpet i lang framtid. Og denne gongen var det ikkje sikkert kva utfallet ville bli. Ei sak som i fleire omgangar har hatt eit tilnærma samla fylkesting bak seg, vart denne gongen landa med eit knapt fleirtal.

Nordøyvegen:

Jubel på øyane: – Veldig bra for framtida

Øybuarane jublar over at politikarane i fylkestinget måndag sa ja til Nordøyvegen. Vilde (14) og Synne (14) trur vegen vil gjere det enklare for dei å flytte heim når dei blir vaksne.


Det er lett å vere glad på vegner av folket på Nordøyane no. Det er lett å sjå optimistisk på framtida og på dei moglegheitene som no opnar seg. Det er god grunn til å feire, både i dag og når snora til det nye sambandet blir klipt.

Så er det viktig å ha respekt for at mange har hatt eit anna syn i denne saka. Dette er det største løftet Møre og Romsdal fylkeskommune nokon gong har teke på seg. Prioriteringa av Nordøyvegen kjem ikkje utan konsekvensar, men nettopp slike vanskelege prioriteringar er det politikk handlar om.

Direkte: Fylkestinget vedtok Nordøyvegen

Fylkestinget sa ja - Nordøyvegen skal byggast.