Ekornes gir 300.000 kroner i julegåver

Støtter lokalsamfunnet der dei har fabrikkar.

Overrasking: FK Sykkylven Dream Team fekk ei fin overrasking på trening då Jorunn Kvalsund Jarnes frå julegåvekomitéen kom med gåve frå Ekornes. Tor Årdal tek imot sjekken, med resten av laget jublande i bakgrunnen.  

Nyheter

Dei tilsette ved Ekornes har delt ut totalt 300.000 kroner til åtte gode formål i Sykkylven og Hornindal. Det er 10. gang dei tilsette ved gir midlar direkte til lokalsamfunnet kor dei har fabrikkar, heiter det i ei pressemelding frå Ekornes.

I år fekk komitéen totalt 36 forslag frå dei tilsette ved fabrikkane i Sykkylven og på Grodås. Frivilligheit, bredde, barn og ungdom var stikkord når pengane blei fordelt.

Her er alle mottakarane:

  • Ikornnes Kyrkje får 100.000 til kjøp av nytt flygel.
  • Brøvøllfestivalen får 100.000 til ny utescene.
  • Friluftsbadet på Ikornnes får 25.000 til nytt utstyr.
  • Musikkgruppa Saft Suse får 10.000 til 30-års jubileet.
  • FK Sykkylven Dreamteam får 10.000 til sine aktivitetar.
  • Autismeforeininga i Sykkylven får 5.000 til ulike aktivitetar.
  • Hornindal historielag får 35.000 til to nye informasjonstavler i sentrum.
  • Hornindal spelemannslag får 15.000 til rekruttering og kursing.