Lege fekk medhald i retten - Sykkylven kommune må stanse tilsettingsprosess

Sunnmøre tingrett har lagt vekt på at Øystein Hove vil bli påført ein betydeleg ulempe ved å ikkje få selt sin legepraksis.

MELLOMBELS AVGJERD: Sykkylven kommune ønskte å omgjere heimelen til Øystein Hove, næringsdrivande fastlege ved Sykkylven Legesenter, til to kommunale heimlar. Det har Sunnmøre tingrett sett ein mellombels stopp for. Foto: Nils Harald Ånstad 

Nyheter

Den næringsdrivande fastlegen Øystein Hove ved Sykkylven Legesenter sa i september opp i protest mot kommuneadministrasjonen. Han varsla at hans siste arbeidsdag skulle vere 15. mars 2019. Seinare har han sagt seg villig til å halde fram som fastlege etter den datoen.