Kjølsdalen i Eid:

Råka av dødsulukke - laga ny skuleveg på ein dag

Kampen om ein trygg skuleveg har gått føre seg sidan 2015, blei løyst tre dagar etter dødsulukka.

SKULE: Kjølsdalen montessoriskule og barnehage.  

Nyheter

I Kjølsdalen i Eid har folk gått saman for ein sikrare skuleveg etter dødsulukka i romjula. Resultatet er ein alternativ gangveg laga på dugnad, på ein dag, fortel NRK Sogn og Fjordane.

– Vi er vande med at kjølsdøler lyt klare seg sjølve, seier Thomas Poul Hals, rektor ved Kjølsdalen montessoriskole.

To kvinner omkom etter påkøyrsel:

- Det var to venninner som var ute og gjekk tur saman. No får dei ein felles avskjed

Det var torsdag kveld at Anne Elise Sæthre og Marit Johanne Røed Sundal omkom i ei trafikkulykke. No har dei pårørande bestemt at venninnene skal gravleggjast saman.


Hals bad om tiltak dagen etter ulukka, og sa til NRK at kampen om ein trygg skuleveg har gått føre seg sidan 2015. Tre dagar etter ulukka, gjorde dei noko med situasjonen sjølve.

– Ganske raskt etter at tragedien skjedde, så kom det spørsmål om det ikkje var noko vi kunne gjere, legg han til.

Den nye gangvegen går parallelt med den gamle, rundt 10 meter innover, over eit jorde. Grunneigar har gjeve løyve til den nye gangvegen, som er merka med brøytestikker.

Bildrapssiktet mann i Nordfjord løslatt

Mannen i 50-årene som er siktet for uaktsomt drap etter å ha kjørt på to kvinner i Nordfjordeid torsdag kveld, er løslatt i påvente av avhør på nyåret.