Anbodskonkurranse for breibandutbygging i nye Ålesund

Nye Ålesund kunngjer ein anbodskonkurranse for å bygge ut breiband til innbyggarane i nye Ålesund kommune der det ikkje er kommersielt lønsamt for breibandleverandørane å gjere dette aleine.

Breiband: I Sandøy er det øyane utanom Harøya og Finnøya. Her representert ved Sandøya. 

Nyheter

Nye Ålesund kommune har intensjon om å vere ein føregangskommune innan digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.

– At innbyggarane har tilgang på breiband i heimen er viktig for å oppnå dette. Det er også viktig med breibandutbygging for at innbyggarane skal kunne delta aktivt i det digitale samfunnet både når det gjeld skolearbeid, i jobb og at dei kan busette seg der dei ønsker, seier teknologi og digitaliseringsansvarleg for bygginga av nye Ålesund, Helge Veum, ifølgje heimesida til nye Ålesund kommune.

Det er 27 område som er omfatta av anbodskonkurransen. Det er ti i Haram, eit i Sandøy, ni i Skodje, fem i Ørskog og to i Ålesund.