Skal granske miljøet i Geiranger

Nytt miljøprosjekt denne våren.

GEIRANGER: Ei ferje ved «Dei sju systre». 

Nyheter

Stranda Hamnevesen har, i samarbeid med NTNU i Ålesund og Universitetet i Bonn, sett i gang eit miljøprosjekt. Dette skal gje ei betre forståing for korleis ulike faktorar i transportsystemet og meteorologiske forhold verkar inn på nivå av forureining i Geiranger.

I prosjektet vil store mengder data for luftkvalitet, meteorologiske forhold og transportdata verte analysert ved å bruke ulike avanserte metodar for å forstå korleis desse faktorane varierer saman.

– Rein natur og grøne fjordar er det viktigaste konkurransefortrinnet vi har og det skal vi ta vare på. Alternativet til å ta avgjerder basert på fakta og halde streng kontroll er at det vert umogeleg å ta i mot turistar i framtida, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak i ei pressemelding.

Prosjektet blir gjennomført i perioden januar til juni i år.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter