Eid: Får meir pengar til sykkelparkering

Eid kommune har fått ytterlegare 600.000 kroner til å bygge ut sykkelparkering ved skulane i Eid.

Eid har tidlegare fått vel ein halv million kroner frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til sykkelparkering ved Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule - også den gong som eit spleiselag med kommunen sjølv. På bildet, som er knytt til førre tildeling f.v.; Eid-ordførar Alfred Bjørlo, kommunalsjef Elin Leikanger og rektor ved Nordfjordeid skule Anne-Grete Eikås.  Foto: Eid kommune

Nyheter

- Dette er ei skikkeleg gladmelding, og gjer det mulig for oss å tilby trygg sykkelparkering ved alle kommunale skular i Eid i løpet av  2019. Det er viktig for å legge til rette for meir aktivitet i kvardagen og å få fleire til å sykle til skulen, heiter det i ei pressemelding frå Eid-ordførar Alfred Bjørlo (Venstre).

Pengane frå Samferdsledepartementet vil bli nytta til å bygge anlegg for sykkelparkering for cirka 250 tilsette og elevar ved Stårheim, Haugen og Hjelle skule.

- Eid kommune har nettopp bygd ut 190 nye plassar for sykkelparkering ved sentrumsskulane i Eid, Nordfjordeid skule og Eid Ungdomsskule. Utbygginga har skjedd i eit spleiselag mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune. Med denne nye løyvinga frå Samferdsledepartementet får vi bygd ut sykkelparkering også på alle kommunale skular i bygdene våre. Dermed får alle skuleborn og tilsette ved kommunale skular i Eid tilbod om trygg sykkelparkering, seier Bjørlo.  


 

Løyvinga frå Samferdsledepartementet krev ein kommunal eigendel på 50 prosent, som Eid kommunestyre allereie har vedtatt å dekke.