Kommunestyret i Sykkylven skal avgjere om det skal ankes i legesaka

Legesenter-saka har stansa opp

Sykkylven kommune har vedteke å opprette eit kommunalt legesenter innan midten av mars. Det kjem truleg ikkje til å skje.

Kommunalt legesenter: May-Helen Molvær Grimstad, rådmann i Sykkylven, medgir at det blir vanskeleg å få på plass eit kommunalt legesenter i kommunen innan midten av mars. Foto: Staale Wattø 

Nyheter

Like før jul fekk Sykkylven kommune levert ei mellombels avgjerd frå Sunnmøre tingrett som sa at dei måtte stanse tilsetting av to legar i legeheimelen til Øystein Hove, fastlege ved Sykkylven Legesenter. Han sa i september opp i protest mot kommuneadministrasjonen og varsla at hans siste arbeidsdag ville vere 15. mars.