Omdirigerer skulebussar på grunn av rasfare

Ordføraren i Norddal kommune åtvarar om rasfare i kommunen. Skulebussar får nye ruter fredag morgon.

Geiranger: Slik såg det ut etter at Grandefonna hadde gått i Geiranger torsdag ettermiddag. 

Åtvarar: Arne Sandnes, ordførar i Norddal.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det skriv Norddal-ordførar Arne Sandnes på sin Facebook-profil torsdag kveld.

«På grunn av stort snøfall og nordavind i fleire dagar blir det vurdert å vere stor rasfåre i fleire av bygdene i Norddal kommune. Difor vert skulebussane i Valldal omdirigerte i morgon, fredag 18.1, for å unngå Valldalsfonna mellom Jordbærstova og Myklebust», skriv han mellom anna.

Slik så det ut da skredet gikk i Geiranger

Sander Mossberg Hjelle var like ved da snøskredet raste nedover ved Grandeneset i Geiranger torsdag.


Farlege fonner

I Eidsdal blir mellom anna Haufonnja mellom Kilsti og Rønneberg vurdert å vere for farleg, ifølgje ordføraren.

Torsdag gjekk Grandefonna i Geiranger. Raset var 100 meter breitt og 5 meter høgt og sperrer riksveg 63. Torsdag kveld er framleis Geiranger isolert og det er sett opp rasferje.

Avslutter redningsaksjon – politiet er ferdig med skredsøk

Redningsaksjonen avsluttes, det meldte politiet torsdag kveld.


Tipse andre om rasfaren

Sandnes råder også folk om å vere merksam på dei rasfarlege Kyrfonnja og Jamtefonnja, i tillegg til Valldalsfonnja.

Han ber folk tipse andre om rasfaren, særleg folk som ikkje er godt kjende med lokale tilhøve.

- Folk flest bør vise stor varsemd under slike høve, og så langt som muleg velje omkøyringsvegar, skriv ordføraren.

Ifølgje varslingstenesta varsom.no er det meld betydelig skredfare på Sunnmøre dei neste dagane.