Med lite trafikk på vegen gjekk kjelkane i ei lynande fart då det blei arrangert kjelkerace i Geiranger:

– Vi kosar oss sjølv om vi er innestengde

Laurdag blei det arrangert eit uoffisielt kjelkerace i Geiranger. Med berre ein møtande bil fekk deltakarane god fart frå Flydalsjuvet og ned til Union Hotel
Nyheter

– Ja, det var fleire som hamna i grøfta når det gjekk litt for fort. Men det gjer ingenting, fortel initiativtakar Malin Merok. Ho fortel at dei var mellom 20 og 30 deltakarar i alderen 3 år til opp i femtiåra.

– Det var god spreiing i alder, seier ho og ler.