Kjelder til VG: Grande skal ha omtalt Eid-ordførar Alfred Bjørlo som «psykopat»

Bak lukka dørar skal Venstre-leiar Trine Skei Grande ha karakterisert partikollegaen som «psykopat».

Alfred Bjørlo (Venstre), ordførar i Eid.   Foto: Arkivfoto: Sofie Svanes Flem

Nyheter

Det fortel kjelder i partiet til VG.

Grande kom før jul i hardt vêr etter at Dagens Næringsliv før jul omtala at ho skal ha baksnakka partikollega Abid raja i ein telefonsamtale med Henrik Asheim.

No seier kjelder i partiet til VG at dei, ved ulike høve, har høyrd Grande omtale partikollega Alfred Bjørlo som «psykopat». Ifølgje avisa er det ferskaste eksempelet i etterkant av at Bjørlo 22. august i fjor skreiv kronikken «Den bakstreverske Staten».

Overfor VG vil Grande ikkje avvise at ho har sagt desse orda.

– Dette er heilt ukjend for meg. Eg kan aldri tenke meg at Trine Skei Grande har sagt noko sånt. Eg har eit godt forhold til Trine, og så er det av og til at vi har hatt distriktspolitiske diskusjonar der vi har diskutert og kanskje ikkje alltid har vore heilt einige. Men eg har aldri opplevd at ho har sagt noko slikt, seier Bjørlo til VG.

– Dette er så ute på viddene at eg har vanskeleg for å tru det, rett og slett, seier han til avisa.

Etter at VG skreiv om saka, har Eid-ordføraren kommentert saka på si Facebook-side:

«Distrikts-psykopaten: Kjem snart til ein by nær deg!

Frå spøk til alvor: Reknar med mange har sett VG på nett og papir i dag.

Det sikraste kjenneteiknet på ein psykopat er visstnok at han aldri vil sjå seg sjølv som det, så akkurat det skal eg ikkje kommentere. (Ut over at DERSOM det skulle syne seg å stemme, meiner eg at Regjeringa bør lokalisere Noregs fyrste Distriktspsykopatiske Senter til Nordfjord - her har vi spisskompetanse.)

Men la meg no seie dette: Den framstillinga av Venstre-partileiar Trine som kjem fram i VG er ut over alle støvleskaft - uansett kva ein måtte meine om Trine både politisk og som leiar av Venstre.

Eg har kjent Trine i snart 30 år, og ho ER rett og slett ikkje slik det blir framstilt her. Vel har ho temperament og det kan gå ei "kule varmt" (og trønder, med alt det måtte innebere). Men ho er eit tvers gjennom skikkeleg menneske som står opp for folk, er klok og reflektert, tilgjengeleg og mulig å snakke med nær sagt 24/7 - og som eg har eit utmerka forhold til både personleg og politisk.

Seinast dei siste vekene har Trine stått på som ein løve for å få viktige distriktspolitiske gjennomslag i saker eg har vore særskilt engasjert i. Det hadde ho neppe gjort dersom det var sant at ho meiner eg er ein håplaus psykopat som berre prøver å øydelegge for partiet.

Så senk skuldrane - no er det helg, vinter og godt skiføre både for psykopatar, homoar, partileiarar og andre. Hugs kva Piet Hein sa:

Den som kun tar spøk for spøk,
og alvor kun alvorlig,
han og hun har faktisk fattet
begge deler dårlig.

Det kan vere greie ord å ha med seg. God helg!»


 

Grande tar ansvaret for Venstre-bråk

Venstre-leder Trine Skei Grande innledet sin tale til partiets landsstyre lørdag med å ta skylden for den interne uroen i partiet de siste dagene.

Abid Raja godtar Grandes beklagelse – sier han har full tillit til partilederen

Venstre-topp Abid Raja har skværet opp med partileder Trine Skei Grande, som midt i budsjettprosessen på Stortinget skjelte ut partifellen i andres påhør.