Avsluttar hurtigbåtsambandet mellom Ålesund, Valderøya og Godøya

Søndag 3. februar blir det faste kolonnar gjennom heile døgnet i Godøytunnelen. Dette inneber at hurtigbåtsambandet blir avslutta.

Kolonne: Arbeidet i Godøytunnelen skal vare til april 2019.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det melder Statens Vegvesen. Kolonnetidene vil vere dei same heile veka, fram til arbeidet i tunnelen er ferdig til påske.

Dei siste turane for hurtigbåten blir natt til søndag 3. februar, med avgang frå Valkvæ kl. 02 og frå Skateflukaia kl. 02.35.

Frå same dato blir det også endringar i bussrutene mellom Godøya og Ålesund. Fram opplyser at rutene er justert etter dei faste kolonnetidene gjennom tunnelen.