Krev opprydding i ambulanserot

– No ventar eg at helseminister Bent Høie tek tak i ambulansesituasjonen for indre Nordfjord. Slik vi har det no, kan vi ikkje ha det.

Har gått lei: Ordførar Stig-Olav Lødemel orkar ikkje fleire rundar med helseføretaka om eit fleksibelt ambulanseopplegg. Difor går han til helseministeren  Foto: Arkiv

Nyheter

(Møre-Nytt) Det seier Hornindalsordførar Stig-Olav Lødemel til Møre-Nytt. Han har sett seg lei på det han opplever som ei rigid forståing av føretaksgrensene mellom Helse Førde og Helse Møre og Romsdal.