På denne vegen blir det litt venting

FV 63: No tek arbeidet til. FOTO: ARNE OLA STAVSENG, Statens vegvesen 

Nyheter

Dei komande månadene må pendlarar og andre trafikantar rekne med å bruke ekstra tid på strekninga mellom Korsmyra og Indreeide fylkesveg 63.

Det melder Statens vegvesen. Entreprenøren Lesja Bulldozerlag AS starta denne veka på arbeidet med forskjeringane til fjelltunnelen mellom Indreeide og Korsmyra. Arbeidet skal vere ferdig til hausten 2019.

I anleggstida vil det bli nødvendig å stenge fylkesveg 63 i kortare periodar.

– På grunn av sprengingsarbeid må trafikantar rekne med eit opphald på inntil fem minutt. Difor blir alle oppmoda om å berekne ekstra god tid frå Geiranger dersom dei skal rekkje ferja frå Eidsdal, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng i Statens vegvesen.

Det vil gå føre seg arbeid på Korsmyra og Indreeide fire dagar i veka, frå måndag til og med torsdag.