Volda-studentane er blitt meir fornøgde

I fjor fekk Høgskulen i Volda botnplassering i studentbarometeret. I år er Volda-studentane blitt meir fornøgde.

Høgskulen i Volda.   Foto: Terje Engås

Nyheter

I fjor vekte det oppsikt då Høgskulen i Volda fekk botnplassering i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga si årlege spørreundersøking om studiestaden sin.

No er årets resultat klart, og ifølgje nettsida til høgskulen viser undersøkinga eit heilt anna resultat:

– Det er gledeleg med oppgang og at tiltaka vi har sett i gang har gitt resultat, men vi ønskjer oss endå betre resultat, seier rektor Johann Roppen. 


 

Måla ikkje nådd enno

Studiebarometeret er den årlege undersøkinga der studentane svarar på kor nøgde dei er med studietilboda.

Høgskulen i Volda har gått opp frå 3,7 poeng i fjor, til 3,9 poeng i år, der 5 er beste karakter.

Roppen understrekar at høgskulen har ambisjonar om å ligge høgare og at måla enno ikkje er nådd. Både i 2015 og 2016 låg Høgskulen i Volda på fire-talet, og målet er å kome tilbake dit.

Fem studieprogram går tilbake

Totalt har 11 av studieprogramma framgang målt mot mot fjorårets resultat. Fem av studieprogramma har også tilbakegang målt mot i fjor.

Journalistikkfaga TV og radio, kunst og handverk og musikk har svært nøgde studentar. Der er resultatet 4,6 poeng. Også grunnskuleutdanninga 1-7 er på lista over studieprogramma med best karakter. Mest nøgde er dei som studerer samfunnsplanlegging deltid: Dei gir faget sitt 5 av 5.

Avdeling for kulturfag ligg over landsgjennomsnittet med eit resultat på 4,2.

Skal analysere tala

Roppen seier høgskulen har gode rutinar for å jobbe med studiekvalitet. Studiebarometeret er ei av rettesnorene for kvar innsatsen kan aukast.

– No skal vi analysere tal og tilbakemeldingar og identifisere fleire tiltak som kan bidra til å gjere det endå betre å vere student hos oss, seier Roppen.