Førebuing til første salva på tunneldrivinga for Nordøyvegen

Arbeidet er i full gang

Både Vegvesenet, Skanska og underentreprenørar er i gang med å førebu dei første salvane på tunnelar for Nordøyvegen.

MASSEUTTAK: Dronebilete frå Longva der masse frå tunnelen mot Fjørtofta skal lastas i lekterar for å bringe massen til Lepsøyrevet.   Foto: Svein Skeide, Statens vegvesen

Det blir ikkje noko offisiell markering i samband med den første salva

Marianne Nærø
Nyheter

– Det blir ikkje noko offisiell markering i samband med den første salva for tunneldrivinga. Det gjorde vi oss ferdige med ved oppstarten av Nordøyvegen, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen til Sunnmørsposten. Tidlegare er det sagt at salva går 5. mars. No seier vegvesenet «tidleg i mars». Det første spadestikket vart gjort fredag 29. september 2017.