Slik vil Eidsvik plassere tenester i nye Ålesund

Forslaget til lokalisering skal drøftast med tillitsvalde i midten av mars og endeleg behandlast i fellesnemnda 4. april.

Prosjektleiar: Astrid Eidsvik. Arkivfoto: Nils Harald Ånstad 

Nyheter

Prosjektleiar Astrid Eidsvik har lagt fram sitt forslag til geografisk plassering innan dei såkalla «ikkje-stadbundne» tenestene i nye Ålesund kommune. I praksis er dette kontorstillingar som ikkje er knytt opp til til dømes skular, sjukeheimar, barnehagar, helsetenester, utestyrker og beredskap med meir.

Haram-ordføreren:

– All makt til rådhuset i Ålesund

Haram-ordfører Vebjørn Krogsæter konstaterer at hele den administrative makta i nye Ålesund kommune blir sittende på rådhuset i Ålesund.


Forslaget vart sendt tillitsvalde 20. februar, og skal drøftast med desse i midten av mars. Endeleg behandling skjer i fellesnemnda 4. april.

Forslaget til fordeling av tenester er som følgjer:

Ørskog kommune

Omkring 33 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje-stadbundne) har sin arbeidsplass ved Ørskog i dag.

Følgande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Ørskog:

  • Innbyggartorg
  • Mobile arbeidsplassar
  • Desentraliserte funksjonar innan til dømes lønn, rekneskap, arkiv, barn og familie
  • PPT
  • Skule og barnehage - fagstab knytt til forvaltning og kompetanse

Forslaget inneber at omkring 30 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Ørskog (inkludert 5 tilgjengelege arbeidsplassar for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Ørskog kommunehus og til Ørskog Sparebank sitt bygg (12) i Ørskog sentrum der PPT-kontoret for Skodje, Ørskog og Stordal er lokalisert i dag.

Sandøy kommune

Omkring 20 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Sandøy i dag.

Følgjande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Sandøy:

  • Innbyggartorg
  • Mobile arbeidsplassar
  • Desentraliserte funksjonar innan til dømes lønn, rekneskap, arkiv, barn og familie
  • Nye Ålesund kyrkjelege fellesråd
  • Framtidig fagmiljø for havrom og vindenergi ref. intensjonsavtalen
  • Framtidig fagmiljø for agro- og akvaturisme

Forslaget inneber at omkring 20 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Sandøy (inkludert 5 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Sandøy kommunehus.

Skodje kommune

Omkring 35 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Skodje i dag.

Følgande funksjonar blir foreslått geografisk passerte i Skodje:

  • Innbyggartorg  
  • Mobile arbeidsplassar
  • Desentraliserte funksjonar innan til dømes lønn, rekneskap, arkiv, barn og familie
  • IKT- driftsmiljø
  • Nye Ålesund kyrkjelege fellesråd

Forslaget inneber at omkring 25 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Skodje (inkludert 5 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte til Skodje kommunehus.

Haram kommune

Omkring 100 personar i dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har sin arbeidsplass i Haram i dag.

Følgande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Haram:

  • Innbyggarkontor
  • Mobile arbeidsplassar
  • Desentraliserte funksjonar innan til dømes rekneskap, lønn, arkiv, barn og familie
  • Tekniske tenester innanfor plan, bygning og landbruk
  • Koordinering og tildeling
  • Bemanningskontor
  • Flyktning
  • Barnevern

Forslaget inneber at omkring 100 arbeidsplassar innanfor desse områda blir geografisk plasserte i Haram (inkludert 15 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte ved Brattvåg kommunehus.

Det vil og vere andre fagmiljø lokaliserte ved tenestehuset som er innanfor det som er rekna som meir stadbundne tenester; til dømes bibliotek, rus/psykiatri, ergo-fysioterapi, helsestasjontenester, familiestøttande tiltak og ressursbasetenester.

Ålesund kommune

Omkring 375 personar innanfor dei aktuelle stillingane (ikkje- stadbundne) har i dag sin arbeidsplass i Ålesund.

Stillingar innanfor følgande funksjonar blir foreslått geografisk plasserte i Ålesund:

  • Innbyggartorg
  • Mobile arbeidsplassar
  • Rådmann, kommunalsjefar og stabssjefar
  • Koordinering og tildeling
  • Fellesstab: Helse og omsorg, barn, familie og integrering og velferd og sysselsetting
  • Stab: Opplæring (unntatt forvaltning og kompetanseutvikling som geografisk ligg i Ørskog)
  • Stab: Miljø, by- og stadutvikling
  • Stab: Kultur og medborgarskap
  • Plan og byggesak, kart, oppmåling og geodata, (Base både i Ålesund og Brattvåg. På sikt skal miljøet utgjere ca. 40 stillingar i Ålesund og 35 i Brattvåg.)
  • Vatn, avløp og renovasjon
  • Veg og grønt
  • Kemner
  • Innkjøp
  • Økonomi
  • Verksemdstyring
  • Kommunikasjon og trykkeri
  • Kommuneadvokat
  • Politisk sekretariat
  • Lønn og personaladministrasjon
  • Arbeidsgivaravdeling
  • Organisasjonsutviklingsavdeling
  • Dokumentsenter
  • IKT
  • Framtidssenter (seksjon under teknologi og digitalisering)
  • PPT
  • Barnevern
  • Flyktning
  • Samfunnstryggleik og beredskap
  • Heilskapleg styring
  • Næring
  • Berekraftig samfunnsutvikling

Forslaget inneber at omkring 380 arbeidsplassar innan desse områda blir geografisk plasserte i Ålesund (inkludert 15 arbeidsplassar tilgjengelege for mobile fagmiljø). Stillingane blir lokaliserte ved rådhuset i tillegg til andre eigde eller leigde lokale i Ålesund.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter