Aktivitetspark ved Mausavatnet

Sula kommune meiner at ein aktivitetspark ved Mausavatnet er bra for folkehelsa i kommunen.

SULA: Mauseidvåg Vel og Sula kommune håper på å få etablere aktivitetspark ved Mausavatnet, og ber no om uttale frå fylkesmannen.  Foto: ILLUSTRASJON: ØYVIND KÅRE SUNDE

Nyheter

Mauseidvåg Vel har tatt initiativ til å bygge ein aktivitetspark/Tuftepark på vestsida av Jakobneset ved Mausavatnet.

Parken er tenkt som ei naturleg forsterking av aktivitetstilbodet rundt vatnet, og vil bestå av nokre frittståande treningsapparat som skal kunne brukast av alle, uansett alder og fysisk form.

Dette skjer i forlenging av pågåande etablering av veg og ny parkeringsplass nær badeplassen i Bakkevika. Når ny veg til Karlsbakken er ferdig, vil ein sleppe kryssing av riksvegen når ein skal gå trimløypa rundt vatnet.

Badeplass

Jakobvika ved Jakobneset er ein badeplass som har vore i bruk i generasjonar, og er blitt endå viktigare for lokalbefolkninga når pågangen i Bakkevika er stor, men deler av neset er prega av gjengroing, følge velforeininga.

Sula kommune har no sendt brev der dei ber fylkesmannen om uttale til å bygge aktivitetspark. Kommunen påpeikar samstundes at dei meiner at etablering av aktivitetsparken er bra for folkehelsa i kommunen.