Meiner vinterstenging av Glomset for trailerar berre er ein liten del av løysinga

– Det store problemet på Glomset er den høge farta

Å vinterstenge vegen på Glomset for vogntog over 15 meter vil hjelpe, men kor mykje? Det spør Gunnar Hauge som meiner folk må sjå heilskapen.

Demonstrerer: Gunnar Hauge tar med seg Sunnmørsposten for å demonstrere kva som er problematisk med vegen. Han peikar på stader som er farlege for fotgjengarar og viser korleis det er å faktisk køyre fartsgrensa.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Debatten rundt tungtransport langs f.v. 656 mellom Valle og Magerholm har tatt av etter at Sunnmørsposten skreiv om vinterstenging. Mellom tinga som har vore diskutert er kor tungtransporten skal gå i staden og om det skal vere vinterstengt eller stengt heile året.